Kommunal tilskotsordning til klima- og energitiltak i
private bustader i Ulvik herad
Retningsliner
1. For å klima- og energieffektivisere eldre hus i Ulvik, slik at dei er betre tilpassa tida
me lever i og samstundes kan verta meir attraktive mtp framtidig bruk innfører Ulvik
herad ei tidsavgrensa kommunal tilskotsordning, jf vedtak i heradsstyret 24.mai.
Ordninga er ein eingongsstønad som skal utbetalast etter søknad.
Heradsstyret i Ulvik
har løyvd inntil nok 983.800 til ordninga.
2. Ordninga gjeld for fastbuande med folkeregistrert adresse i heilårs bustader i Ulvik
herad i søknadsperioden.
3. Maks søkandssum pr husstand er avgrensa til 50 % av kostnad med inntil kr 25 000. Kvar husstand kan berre søkja ein gong, men søknaden kan omfatte fleire tiltak. Søkjer ein til dømes om tilskot til 3 ulike klima- og energitiltak med ein kostnad på til saman kr 45 000, så kan ein få tilskot på kr 22 500. Ved samla kostnad på kr 25 000 vil ein kunne få kr 12 500. Eigeninnsats dekkast ikkje.
4. Støtteordninga gjeld for tidsrommet frå 01.01.2023 og så lenge løyvinga rekk.
5. Søknadsskjema (digitalt) som er utarbeidd for ordninga skal nyttast.
6. Alle søkjarar skal legge ved kopi av kostnader knytt til tiltaka det vert søkt om tilskot
for. Alle bilag må vera datafesta innan perioden for støtteordninga. I tillegg må ein
leggja ved attest/godkjenning på utført arbeid.
7. Det er ingen søknadsfrist. Søknader kan sendast inn løpande i heile tidsrommet
ordninga gjeld for, til og med 31.desember 2024. Førstemann til mølla gjeld, og tilskot
vert gitt så lenge det er pengar att på ordninga.
8. Ordninga gjeld ikkje for tiltak som støttast gjennom ordinære ENØK-tiltak eller andre
liknande ordningar. Ordninga gjeld heller ikkje fritidsbustader eller heilårsbustader
som ikkje nyttast som fast bustad (folkeregistrert adresse). Ordninga gjeld ikkje
næringsbygg.
9. Støtta kjem inn under «Forskrift om offentleg støtte». Evt skattemessig konsekvens for
den enkelte søkjar er heradet uvedkomande, dette må søkjar sjølv ha kontroll på.