Generelle
reglar for ferie:
Hovudregelen er at all ferie skal avviklast i løpet av ferieåret. Søknad om overføring av ferie bør som hovudregel avtalast innan 1. oktober.
Overføring etter ferielova §9 nr. 1 (ved sjukdom) må avtalast innan 31. desember.
Både arbeidstakar og arbeidsgjevar har rett og plikt til å sørgja
for at ferien faktisk blir gjennomført. All ferie skal i utgangspunktet
takast ut i løpet av ferieåret
- Ferielova opnar opp for at inntil 12 dagar (2 veker) kan
overførast til neste år. I slike tilfelle skal det inngåast skriftleg
avtale mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar, bruk dette skjemaet
- Når det gjeld den avtalefesta femte ferieveka, er det friare.
Arbeidsgjevar og arbeidstakar kan fritt avtala at desse dagane vert overført
til neste år (+5 dagar), bruk dette skjemaet
- Arbeidstakarar som er 100 % sjukemeld kan krevja at ferien vert
utsett til seinare i ferieåret.
- Ved gradert sjukemelding gjeld dei vanlege
reglane for fastsetjing og avvikling av ferie
- Ferie som grunna foreldrepermisjon eller 100 % sjukmelding ikkje
er tatt i ferieåret, skal overførast til dei påfølgande ferieåret. I slike
tilfeller kan ein lovleg overføra heile ferien, bruk skjemaet
Ikkje skriv inn sensitiv informasjon i søknaden