Hovudmålet med fritidskontakten
er å gje den einskilde brukar hjelp til å nytta fritida si på ein positiv og
meiningsfull måte.
Avhengig av brukaren sine behov, ynskje og interesser kan fritidskontakten nyttast
til individuelt samvær eller som ein brubyggjar til fritidsaktivitetar eller andre menneske.
Å
vera fritidskontakt inneber å vera eit trygt medmenneske som bidreg til meiningsfull
fritid.
Fyll ut skjemaet
under så nøyaktig som mogleg og ver observant på følgjande:
For å bli
fritidskontakt må du som hovudregel ha fylt 18 år, men me tek imot søknader
også ifrå 16 år. Du må vera påliteleg og trygg på deg sjølv. Det er ynskjeleg
at du tar på deg arbeidet over tid. Det er ikkje krav om fagbakgrunn. Du får
tilbod om opplæring før start og undervegs.
Fritidskontakten
må skriva under på skjema for teieplikt. Teieplikta inneber m.a. at du ikkje
skal la utanforståande få kjennskap til personlege tilhøve kring den du er fritidskontakt
/ treningskontakt
for. Det er òg eit krav om politiattest for fritidskontakt som utfører oppdrag
for mindreårige eller utviklingshemma personar (jfr. Lov
om barnevernstenester § 6–10, siste ledd og Lov om kommunale tjenester for
helse § 5-4). Søkjar har sjølv
ansvar for å innhenta politiattest etter at oppdragsavtale er signert.
Ein får
godgjersle med eit kronebeløp per time, i tillegg til utgiftsrefusjon og evt
køyregodtgjersle i samsvar med retningslinene i Ulvik herad.
Som
fritidskontakt i Ulvik herad er ein oppdragstakar og ein har difor ikkje rett
på feriepengar eller sjukepengar. Fritidskontakten er ikkje knytt opp mot
ordning om tenestepensjon, men opptent godtgjersle blir meldt inn til
Folketrygda.
Det kan
ta tid frå du leverer søknaden til du får tildelt ein å væra fritidskontakt-
eller treningskontakt for. Dette for å sikra rett person til rett brukar. Det
er difor utlyst som ein open søknad til kommunen.
Om me får
oppdrag ifrå ein brukar som me ser passer vil du bli kalla inn til ein samtale
ut ifrå kontaktopplysningane dine i søknaden.
Me
handsamar opplysningane dine konfidensielt