Nasjonal ordning for reduksjon av foreldrebetaling gjeldande frå 01.08.24
1. Ingen hushald skal betale meir enn 6% av inntekta si for ein barnehageplass.
2. Det vert gjeve syskenmoderasjon på 30% i foreldrebetaling for 2. barn og 3. barn er gratis
3. Hushald vert definert som ektefellar, registrerte partnarar og sambuar. Dei som
kjem inn under denne ordninga er ektepar / sambuarar, forsørgjarar med delt
omsorg og einslege forsørgjarar.
4. Den samla inntekta til hushald er utgangspunkt for redusert foreldrebetaling.
Foreldrebetalinga skal reknast ut frå hushaldet si samla skattepliktige kapital og
personinntekt.
Siste års sjølvmelding vert brukt som dokumentasjon. Manglande sjølvmelding
f.eks som følgje av kort bu tid i landet kan kompenserast med annan
dokumentasjon som lønnsslipp eller liknande.
5. Søknad og siste års sjølvmelding sendast inn elektronisk.
6. Redusert foreldrebetaling trer i kraft månaden etter at vedtak er fatta.
7. Vedtaka gjeld for 1 år. Etter 1 år må det søkjast på nytt med ny dokumentasjon.
8. Alle hushald som får endra den økonomiske situasjonen sin, eller sivile status, pliktar å opplysa om dette.