Motorferdsel i utmark og vassdrag
Motorferdsel i utmark og vassdrag er som hovudregel forbode for å verne om naturen og miljøet.
Motorferdsellova opnar likevel for transport til
visse nytteføremål, slik
er reglane.
Dersom du har eit transportbehov som ikkje er ettertrykkeleg tillaten etter lov og forskrift, må du søkje om løyve frå heradet. Det er ikkje høve til å gje løyve til turkøyring. (Det kan uansett vera lurt å senda heradet ei melding i forkant av motorferdsel med direkte heimel i lov)
Køyring på Rallarvegen krev løyve frå Bane Nor. Meir informasjon om dette finn du her
Skal du køyre over andre sin eigedom er det eit vilkår at du har innhenta løyve frå grunneigarar.
Vedlegg:
Spørsmål om utfylling av søknad?
Ta kontakt med Tenestetorget på telefon 56 52 70 00
Kva skjer vidare?
Vi handsamar søknaden din så raskt som mogleg, men du bør alltid søkje i god tid. dersom søknaden krev politisk handsaming kan handsamingstida ofte verta lengre. Dersom vi treng meir enn ein månad til å avgjere søknaden, vil du få skriftleg melding om årsaka.
Klage på vedtak
Er du misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du fekk brevet.
Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du ta kontakt med tenestetorget i heradet. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer klagen.