• {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
  • {{sprakVariabler[s.stegnavn]}}
{{sprakVariabler["AvbrytSkjemaUtfylling"]}}
{{sprakVariabler["InnloggingWizardKreverInnlogging"]}}: {{sprakVariabler["InnloggingWizardValgfriInnlogging"]}}: {{sprakVariabler["SkjemaNavn"]}}
  • {{sprakVariabler['InnloggingWizardTooltip' + innlogging.InnloggingsTooltip]}}

{{sprakVariabler['LoggInnEpost']}}

{{sprakVariabler['InnloggingWizardTooltipEpost']}}

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*{{sprakVariabler["EpostIkkeRegistrert"]}}

{{sprakVariabler["InnloggingWizardKodeIEpost"]}}

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

{{sprakVariabler["AktiveringEpost"]}}

{{sprakVariabler["KontoAktivert"]}}

{{sprakVariabler["AktiveringsLenkeUgyldig"]}}

Nettlesersesjonen er utløpt, og utfylling som ikke er lagret kan være tapt. Vennligst last siden på nytt for å fortsette på skjemaet.

Informasjon

Skjemautfylling

Bestilling av borgarleg vigsel

Informasjon

Retningsliner for borgarleg vigsel i Ulvik herad Gjeldande frå 1.1.2018 
 

Kven kan vigslast i Ulvik herad

Heradet tilbyr borgarleg vigsel for heradet sine innbyggjarar og personar som ikkje er busett i Noreg, men likevel fyller vilkåra for inngåing av ekteskap i Noreg, jf. ekteskapslova § 12a. Det er tilstrekkeleg at ein av brudefolka er busett i heradet for at me har plikt til å tilby vigsel. Det er dei alminnelege reglane om folkeregistrering av bustadadresse som regulerer kven som reknast for å vere busett i heradet. Heradet si plikt til å vigsle gjeld og for utanlandske statsborgarar og for norske statsborgarar som er busett i utlandet. Desse skal ikkje betale for tilbodet, i likheit med norske statsborgarar som er busett i heradet.
 
Ulvik herad tilbyr og vigslar til andre brudefolk enn dei nevnt over. Det er då ein føresetnad at brudefolket sjølv dekker kostnader heradet har i den samanheng. 
 
Tidspunkt og stad for vigslar

I Ulvik herad er det fleksibilitet på når ein vigsel kan gjennomførast, men naudsynte ressursar er best tilgjengelege innanfor normalarbeidstida (09-15). Det er og innan same tidsrom dei fleste vigslar kan gjennomførast kostnadsfritt. Heradet oppfordrar brudefolk til å sende inn ønska tidspunkt og stad når vigsel vert bestilt. Heradet har eige seremonilokale for vigsel. Der vil det og vere plass for nokre gjester, dersom brudeparet ynskjer det.
 
Gjennomføring av vigselen

Det vert lagt opp til at vigselen har ein seremoniell karakter. Vigslaren har uniformering fastsett for Ulvik herad. Det borgarlege vigselsformularet nyttast ved gjennomføringa av borgarlege vigslar. Vi nyttar det nynorsk formularet, som og finst på bokmål og oversatt til samisk, engelsk, tysk, fransk, spansk og russisk. Versjonane finn du på Bufdir sine heimesider. Seremonien kan tilpassast med eksempelvis musikk og tekstlesning, byte av ringar, etc. 
 
Før vigselen vert gjennomført mottek vigslaren prøvingsattesten frå brudefolket. Brudefolket skal og legitimere seg. Gyldig legitimasjon må innehalde namn, bilete og fødselsdato. Det må vere to vitner til stades under seremonien. Dette skal vere to myndige personar. Vigslaren kan ha med seg ein skrivar.
 
Ein vigslar kan, dersom ho eller han finn at det er grunn til tvil om eit vilkår er oppfylt, utsetje vigselen. Brudefolket vert då pålagd å skaffe bevis for at vilkåret er oppfylt. Ut over dette har ikkje vigslaren grunnlag for å nekte å gjennomføre ein vigsel. 
 
Kva kostar det?

Det er fastsett retningsliner om betaling for vigslar i forskrift om kommunale vigslar. Tilbodet skal vere gratis for heradet sine eigne innbyggjarar og for personar som ikkje er busett i Noreg.

Heradet tek betaling for naudsynte meirkostnader dersom brudeparet vigslast ut over fastsett tid (09-15) eller at bestilt seremoni er så omfattande at tidsbruken er lenger enn vanleg.

Likeeins tek heradet betalt dersom seremonien vert lagt ein annan stad enn heradet sitt seremonirom, dersom det medfører ekstra kostnader til transport, lokaler, m.v. Dette informerast brudefolket om i god tid før vigselen.

Kostnaden vil verta vurdert i kvart einskild tilfelle, ut over det som framgår i Betalingssatsar for borgarleg vigsel i Ulvik herad. Andre som vil vigslast i Ulvik må dekke alle kostnader ved dette. Heradet tek ikkje betalt for meir enn inndekking av faktiske kostnader, jfr Betalingssatsar for borgarleg vigsel i Ulvik herad.
 
Ynskjer du å vigslast av Ulvik herad

Etter at skjema er utfylt, tek me kontakt.

Har du spørsmål, kan du kontakte Tenestetorget på telefon +47 565 27 000 eller epost postmottak@ulvik.kommune.no
 

 

Hjelp
Lukk
  1. Klikk på Hjelpesymbol der du trenger hjelp til utfyllingen
  2. Skjemaet lagrer svarene underveis i utfyllingen. Hvis du velger å avbryte ved f.eks. å lukke nettleservinduet eller trykke på Avbryt-knappen og deretter bekrefter at du vil avbryte utfyllingen, vil all informasjon bli borte.
  3. Ingenting sendes inn før du selv ber om det, ved å velge Send inn-knappen. Den kommer fram etter at opplysningene er kontrollert og godkjent på oppsummeringssiden.

Bruk og utfylling

Klikk på hjelpesymbolene for informasjon om utfylling.

* Betyr obligatorisk for utfylling

Etter 20 minutt uten aktivitet kan utfylling av skjema gå tapt.

Klikk på Hjelp øverst til høyre for generell hjelp om skjema.

Vennligst vent...

Loader